|
Ninja Scroll til Hollywood |
|
Skrevet av Kristian A. Bjørkelo
|
|
mandag 27. oktober 2008 |
(Fantasy & Anime) Hollywood held fram med å leite både høgt
og lågt etter idear til nye kassasuksessar. No har dei oppdaga den
japanske anime-klassikaren Ninja Scroll frå 1993, og Warner Bros. vonar
å kunne spele denne inn på ny som spelefilm.
Ninja Scroll kviler i skuggen av meir kjende japanske animasjonsfilmar
som Akira og Ghost in the Shell (som beggje no kan sjå fram til
amerikanske spelefilmversjonar), men den populære animasjonsfilmen frå
1993 har absolutt sin tilhengjarskare og filmens originale suksess vart
opphavet til ein tv-serie med same namn. Animasjonsfilmen er satt til
føydale Japan og følgjer ninjaen Jubei som roter seg opp i ein pest,
ein nasjonal krise og ei vakker kvinne. Hans hovudmotstandarar er
demonar som har satt som mål å forpurre den naturlege ordenen i den
japanske nasjonen. Filmen er fullspekka av vald og sex, og filmens
parallell til AIDS-epidemien er klare som dagen.
Ein kan neppe vente seg at Warner Bros vil behalde filmens meir kulørte
element, og det kan verte interessant å sjå korleis dei vil attskape
historia utan dei meir brutale og seksuelle elementa som den i stor
grad var avhengig av.
Lik Akira er det Leonardo DiCaprio sitt selskap Appian Way som skal stå
som hovudprodusent av filmatiseringa, men i motsetnad til Akira har
ikkje DiCaprio gjett signal om at han ønskjer ei rolle i filmen sjølv.
Les meir hjå /film.
|