(
Spoiler alert: La oss ha ein ting sagt med ein gong. Dette er ikkje ein frittståande episode, men ei framhalding av første del av Tales of Monkey Island. Har du ikkje spelt det enno, så slutt å les her. Gå og spel i staden for).

Velkomen
til ei verd der piraten LeChuck er snill, og alle andre held på å verte
ondare, og ondare. Dette er den forstyrrande realiteten som møtte meg
då eg tok opp att kontrollen over Guybrush Threepwood. Etter å ha
kjempa seg gjennom utfordringane i første episode, og funne vegen
attende til si kone Elaine, og etter å ha nedkjempa einne på¨ med hen
overivrig fiende kan han endeleg slå seg saman på Spinning Cay. Ei øy
bebudd av... havfolk av tvilsom kjønsleg karakter.
Eg vart kjapt
slått av den underlege seksuelle ambivalensen til desse karakterane, og
deira flørtande kommentarar til stakkar Guybrush, men vi hadde
viktigare ting fore. Vi har ein voodoo-pest å stogge, og då må vi finne
den myteomspunne La Esponja Grande - den store voodoosugande
havsvampen. Og havfolket på øyet har midla for å finne den - tre
magiske gjenstander som kan påkalle nokre minst like magiske sjødyr.
Problemet? Dei er gøymd, og ei gruppe pestbefengte piratar legg krav på
dei. Elaine er opptatt med å forhandle om dei, medan ho har sendt sin
nye bestevenn, LeChuck, for å finne dei magiske gjenstandane.
Ja,
du høyrde meg. LeChuck. Som no har blitt menneske og, visstnok, snill.
LeChuck byr kanskje på dei beste vitsane i spelet, i det han prøver å
forstå seg på klassisk adventurespel logikk og den type utfordringar
som Guybrush har tatt for gitt sidan han først satt sine bein på Melee
Island i 1990. Den andre høgdaren er den førnemnte overivrige fienden
som overfall Guybrush i slutten av førre episode. Ho forsynte ein bra
start på episoden, og lokka fram meir enn eitt lattarbrøl hjå
underteikna. Mest av nostalgi.

Diverre for Telltale Games satt
dei lista rimeleg høgt med den første episoden, noko som viser seg å
vere litt vanskeleg å følgje opp. Denne episoden er ikkje like bra som
førre, og føles ekstremt mykje kortare, men sistnemnte er ei særs
subjektiv vurdering. Dette tyder på inga måte at spelet er dårleg,
eller har viktige manglar - langt derifrå, faktisk. Det tyder berre at
dei opna såpass sterkt, at eit absolutt underhaldande og velfungerande
spel som dette, hamnar i skuggen av opningsrunda. Som eit roleg
strykerparti etter ein dundrande fanfare med paukar og trompet. Det er
inga grunn til å uroe seg, med tre spel att, og nok ein
cliffhangerslutt er det berre å vente på ein dundrande korsekvens skal
bryte inn i neste parti.
Teknisk sett er det ikkje mykje nytt å
melde. Gode voice-overs og bra grafikk på karakterane. Her er det
større spekter i fasongar på dei ulike karakterane, og meir varierte
områder - fleire øyer å vitje. Miljøet på hovudøya er faktisk ganske
pent, og kan tidvis gje inntrykk av å vere malte sjølv om det er rein
3d-grafikk.
Eg er framleis like imponert over korleis Telltale
Games ivaretar Monkey Island-arven, det er tydleg at dei har lagt mykje
arbeid i å få ting å stemme. Og hittil gjer det det. Eg gledar oss til
neste kapittell, og kjenner meg trygg på at dei kjem til å lage eit
heilhetleg bra spel, og ein verdig del av Monkey Island serien.
Tales of Monkey Island: The Siege of Spinner Cay er tilgjengeleg i dag, og neste del er tilgjengleg om ca. ein månad.