(Spoilers! Ikkje les vidare om du ikkje har spelt episode 1 og 2 av Tales of Monkey Island)
Kven skulle tru at eit kapittel av Tales of Monkey Island skulle
verte så esoterisk? Esoterisk, i den forstand at det handlar om det
indre. Og i dette tilfellet om indre organar til ein gigantisk sjøku,
eller manat (ikkje forvekslast med mynteininga
aserbadsjansk manat). Det indre sjelslivet til same sjøku vert òg utforska mot slutten, men ført er det dei indre organane som står på plakaten.

Lair of the Leviathan plukker opp tråden der The Siege Spinner Cay
slutta; på si jakt etter La Esponja Grande og ein kur for voodoo-pesta
som herjar karibien. Guybrush har fulgt leietrådande til langt ut i
havet, og midt i nok ein konfrontasjon med Morgan LeFlay, den ivrige
fangirl og piratjegar, vert han, selskap og skute slukt av ein
gigantisk Manat, ei sjøku. Og det er i det indre av dette dyret
mesteparten av historia i Lair of the Leviathan går føre seg. Guybrush
er ikkje åleine her, ikkje berre har han med seg sine vennar, men her
møtar han endeleg eventyraren de Cava, hans "avdøde" mannskap og ein
gamal populær kjenning med få gode hensikter.
Episoden vart fortært ein regnfull søndag i Bergen, og tok 3-4 timar
med springing rundt etter nyttige gjenstander og pumping av alle rundt
Guybrush for informasjon. Det er med andre ord eit heilt typisk Monkey
Island-eventyrspel. Og lengda var akkurat passe for ein ein-dags økt
med speling. Teknisk sett er det like nytt, og spelet følgjer naturleg
nok same formel som dei to føregåande episodane. Og det med stort hell.
Du vert sittande og flire jamt heile vegen.

Telltale Games har klart å halde på sjarmen, utan å verte repetetiv.
Her er det nok av nye artige påfunn som ein ikkje har sett i Monkey
Island før. For det første, så er settingen denne gongen original. Det
er ikkje måte på kva invollane til ei sjøku utan retningssans kan
brukast til. Konkurranse av type "insult swordfighting" er òg
involvert, men det er akkurat forskjellig nok til å vere friskt og moro
- verken sverd eller fornærmingar er involvert, men det er absolutt
pirataktig nok. Det artige her er korleis Telltale Games nyttar seg av deira talent for å skape uttryksfulle andlet til Guybrush til dei andre, meir enn det seier eg ikkje. For første gong i eit Monkey Island spel får du òg høve
til å styre ein annan karakter, takka vere ein god dose voodoo-magi.
Her er det rom til og med for visuelle puppevitser. Dette sett vi
alltid pris på. I det minste sett vår indre prepubertale nerd pris på
det.
Då spelet var over, var det med ei god kjensle ein stengte av. Det var
ikkje ein så grusomt spanande cliffhanger som tidlegare, men det er nok
av uoppløyste tråder til at ein har lyst til å spele neste. Berre ikkje
nødvendigvis med ein gong, etter 3-4 timar i strekk framfor PCen.
Ein månad føles likevel for lenge.
Tales of Monkey Island: Lair of the Leviathan er ute på PC i dag, 29. september, og vil kome på Wii innan kort tid.