Søk i Hyperions sider:
Send oss nyhetstips til tips@n4f.no
Monkey Island er attende!
Skrevet av Kristian A. Bjørkelo   
mandag 01. juni 2009
Image(Dataspel) I dag kunne LucasArts annonsere det vi lenge har mistenkt Monkey Island Special Edition, ein remake av originale Secret of Monkey Island. Og ein har ikkje lenge å vente heller, spelet vert tilgjengeleg i somar. Og det kjem meir, takka vere Telltale Games.
 
Det byrja med at nokon såg, for ein kort augneblink, at spelet låg inne i produktoversikta til ei tysk nettside før det forsvann. At Monkey Island Special Edition skulle kome til xbox 360 og XBLA spreidde seg som ild i tørt gras. Og alles auge vart retta mot E3 som byrja denne helga, og med stor glede kunne der LucasArts annonsere at dei i lag med avhopparane/veteranane i Telltale Games har satt seg ned og laga ei ny versjon av det klassiske adventurespelet frå 1990.

Spelet følgjer den unge og naive Guybrush Threepwood som ankomer Melee Island i håp om å verte pirat. Hans eventyr fører han til guvernør Elaine Marley, hans livs store kjærleik, og til å krysse sverd med den grusome spøkelsespiraten LeChuck. Spelet var hysterisk, og førte til den eine lattarkulen etter den andre, og omforma adventurespelsjangaren til det den er i dag.

Den nye versjonen er utvikla av Telltale Games, som tidlegare har jobba med ex-LucasArts-spel Sam & Max, samt Bone og Wallace & Gromit, og dei har rekruttert mellom anna Dominic Armato og andre frå Curse of Monkey Island som stemmane til karakterane. Det opphavelege spelet var berre tekstbasert, men Dominic Armato som Guybrush Threepwood er av fans rekna som den perfekte stemma til karakteren og er ein stor fan sjølv.

Dette er sjølvsagt ikkje alt, Telltale Games kunne i same slengen annonsere Tales of Monkey Island, ein serie på fem nye monkey island episodar, etter modell frå deira etablserte spelserier. Detaljane er få, men i dei neste vekene reknar ein med å få vete meir. Desse er planlagd til PC og Wii.
 
Dei fem episodane frå Telltale Games heiter som følgjer:
Launch of the Screaming Narwhal
The Siege of Spinner Cay
Lair of the Leviathan
The Trial and Execution of Guybrush Threepwood
Rise of the Pirate God
 
Første episode har premiere 7. juli.
 
The Secret of Monkey Island Special Edition er tilgjengeleg for nedlasting til PC og xbox 360 denne somaren. Sjekk ut spelets nettsider, med screenshots og video, her.
 
Du kan lese om, og førehandstinge, den nye serien hjå Telltale Games.
Sist oppdatert ( mandag 01. juni 2009 )
< Forrige   Neste >
HYPERION - NORSK FORBUND FOR FANTASTISKE FRITIDSINTERESSER
Adresse: Akersbakken 12, 0172 Oslo :: Telefon: 22 99 37 45 :: Faks: 22 99 37 01 :: Epost: n4f(at)n4f.no :: Bankgiro: 1720.22.77160 :: Org.nr: 984 302 320
:: Kontoret er bemannet hverdager fra kl 10 til kl 18 ::