Det er ikkje med lite nerver ein sett seg ned for å starte opp den
første episoden av Tales of Monkey Island, men det må vere ingenting i
forhold til dei nervene Telltale Games må ha hatt då dei satt saman
spelet. Monkey Island er ein dataspellegende. Det er på tide å verte
attforeint med Geekwood... eg meinar Sheepgood... nei, altså,
Threepwood!

The Secret of Monkey Island, som forøvreg kjem i ein
ny og oppdatert utgåve frå LucasArts i somar, introduserte oss i 1990
for Guybrush Threepwood, Elaine Marley, LeChuck og dei andre
gjengangarane i serien. Guybrush Threepwood er som dei fleste unge
mann, ganske så forvirra og dreven av eit brennande ønskje om å verte
ein mektig pirat. Og etter mykje om og men så klarar han faktisk det,
og han vinn guvernør Elaine Marley sitt hjarte, og bekjemper
spøkelsespiraten LeChuck.
Spelet var banebrytande for
adventurespelsjangaren, og takka vere den store mengda galskap spelet
kunne by på vart det kjapt ein publikumssuksess. Og oppfølgjarar fulgte
på rad og rekkje; The Revenge of LeChuck, The Curse of Monkey Island og
til slutt Escape from Monkey Island i 2000.
LucasArts
kunngjorde for ei stund sidan at dei ville lage Monkey Island 5 på eit
tidspunkt, men fulgte det opp med å understreke at dei neppe ville
satse på adventurespel før i 2015. Denne politikken var ein
underliggjande årsak for at fleire sa opp jobben, og starta Telltale
Games. Difor var eg ikkje åleine om å verte overraska då Tales of
Monkey Island vart annonsert, men ein ting vert klart når du sett deg
ned med spelet. Dette er ikkje Monkey Island 5.
Monkey Island nummer?

Som
produsent Dave Grossmann, og ein av dei opphavelege forfattarane av
Secret of Monkey Island, fortel så er Monkey Island 5 nøydd til å verte
ein 40-timar lang orgie av moro. Og det er utanfor Telltale Games si
rekkjevidde, då dei som vanleg satsar på episodiske seriar av mindre
spel. Tales of Monkey Island er difor ein oppfølgjar til Monkey Island
5! Eit spel som enno ikkje er laga. Liknande forvirring har vi ikkje
sett sidan Leisure Suit Larry 4...
Og det merker du kjapt. Spelet byrjar med
konfrontasjon mellom LeChuck og Guybrush,
etter det som visstnok er ein serie med umoglege eventyr for å samle
inn ingrediensane til eit voodoo-sverd som skal felle den frykt
spøkelses-zombie-demon-piraten LeChuck. Og etterkvart som den eine
detaljen etter den andre om Piraya-puddler og Guybrush si svigermor
dukker opp i dialogen, fann eg meg sjølv ikkje så reint lite frustrert.
Eg vil vete kva som har skjedd! Korleis overlevde LeChuck sitt
dramatiske endelikt i Escape from Monkey Island? Korleis fanga han
Elaine? Ein rekkje ubesvarte spørsmål overmanna meg dei første minutta
av spelet. Det var på sett og vis som å verte kasta ut i vatnet utan
forvarsel, men det var heldigvis morosam, ikkje minst fordi at kven enn
hjå LucasArts som får i oppgåve å sette saman Monkey Island 5 basert på
detaljane herifrå har litt av eit arbeid foran seg.
Guybrush
sitt forsøk på å gjere ende på LeChuck har som vanleg uventa
konsekvensar. Og vår helt vert stranda på Flotsam, ei øy der vinden
berre blåser inn mot land og ingen skip kan difor kome seg vekk.
Guybrush må finne ein veg vekk frå øya, for å vende attende til Elaine.
Undervegs må han som vanleg utføre ein serie med meir eller mindre
forståelege oppgåver for å nå sitt mål. Overraskande nok tar både han
og eg fatt på desse utfordringane med godt humør, det på tross av at
Guybrush har eit lite problem med handa si og at har vore gjennom ein
del eventyr allereie. Han er like lite lei av eventyr som meg, virker
det som.
Lev opp til forventingane

Det å skulle lage
eit nytt Monkey Island spel må vere ei fryktinngytande oppgåve.
Forventingane til noko slikt vil vere på linje med nye Star Wars filmar
og Indiana Jones, og vi veit jo godt korleis publikum mottok desse.
Dagens publikum er ikkje nådige mot dei som roter med deira barndoms-
og ungdomsminner. Telltale Games har ein fordel - med seg på laget har
dei Dave Grossmann som var ein av dei originale forfattarane av Monkey
Island, medan hovudmannen bak serien, Ron Gilbert, tilbragte fleire
dagar hjå Telltale Games for å gå gjennom planane. I tillegg så er
hovudforfattaren av spelet Mike Stemmle, som tidlegare har erfaring med
Sam & Max og Escape from Monkey Island hjå LucasArts.
Så
spørsmålet eg stiller meg, gong på gong, medan eg speler gjennom det
første kapitlet av Tales of Monkey Island, er: Har dei klart det? Vel,
det er ikkje så lett å vurdere noko slikt. Det kan gå to veger, enten
vil originalane overskugge det nye spelet, eller så kan ein verte
blende av at det er Monkey Island det er snakk om og gå god for alt. Eg
vågar meg likevel til å påstå følgjande:
Telltale Games har
lukkast i å attskape magien frå dei første Monkey Island spela, og
Tales of Monkey Island: Chapter 1 - Launch of the Screaming Narwhal er
det suverent beste spelet deira hittil. Heile spelet lukter av at dei
har lagt alt dei har av ressursar i planleggjinga av historia, skriving
av dialog og, til og med, forbetring av deira grafiske motor. Ikkje
minst er det merkbart at produsentane har god erfaring med Monkey
Island frå før. Både humor og historie er akkurat slik ein hugser det.
Frå
første stund vert du kasta inn i kjende omgjevnadar. Dei første
karakterane du møter er Elaine og LeChuck, samt iltre apekattar.
Ingrediensane du har samla inn for å bekjempe LeChuck er alle gode
vitser frå tidlegare spel, og like i nærleiken finn du både Chuck the
Plant og Elaine sin lett-Grog. For ein utanforståande er det nok
vanskeleg å forstå gleden over dette attsynet, og den kriblinga det
medførar. Difor gjorde eg det einaste rette - eg fann ein
utanforståande. Ein ung mann som aldri har likt adventurespel, og difor
heller ikkje Monkey Island. Korleis reagerte han på dei første scenene?
Vel,
han lo. Og det er det viktigaste, at han sleit med å forstå logikken i
eit adventurespel kan knapt skuldast på Tales of Monkey Island då det
ligg tett opp til malen for korleis eit slikt spel skal fungere. Det er
tåpelege oppgåver og bisarre løysingar med sin eigen underlege og
interne logikk. Telltale Games har til og med implementert ein funksjon
for å kombinere gjenstander - noko som ikkje var mogleg i tidlegare
spel frå den kanten, men som alltid har vore rekna som obligatorisk i
sjangaren. "Insane object puzzles" som det heiter på finspråket, får vi
ein god dose av her. Og det må ein jo innrømme er ein bra ting.
Sjølv
om min prøvekanin lo av det han fekk sjå, er det ingen tvil om at ein
ler meir om ein er kjend med serien frå før. Spelet er full av
henvisingar til tidlegare spel, som referansar til ein rappkjefta
salsmann i tweed med veivande armer og ei hovudskalle som Guybrush tar
seg i å lure på om er Murray. I tillegg får vi ein del
standardreplikkar servert, som "I'm selling these fine leather jackets"
som må vere fullstendig uforståelege for dei som ikkje er kjend med
serien. Det er likevel fullt mogleg for deg å sette pris på 80% av
humoren utan denne bakgrunnskunnskapen, og om det skulle verte eit
problem så sjå på det som ei unskulding til å sette deg med ein
klassisk spelserie og gjere deg kjend med den. Du vil ikkje angre.
Kontroll og grafikk

Du
har to alternativ til å styre Guybrush. Du kan enten styre han rundt i
verda ved hjelp av piltastane, og bruke musa til å manipulere
gjenstander og velje samtaleralternativ. Eller du kan gjere alt med
musa, og styre han ved å halde inn ein museknapp og dra Guybrush i den
retninga du vil han skal gå. Dette siste alternativet fungerte ikkje så
bra som dei sikkert hadde håpt på, men det er vel kanskje ei vanesak.
Heldigvis fungerar det fint å styre Guybrush med kombinasjonen av mus
og tastatur, og det fungerar mykje betre enn det ofte kritiserte
systemet dei nytta i Escape from Monkey Island, som var basert på
GRIME-motoren.
Grafisk sett byrjar vi etterkvart å akseptere at
dagens adventurespel kjem i 3D, sjølv om det er lite som kan gjerast
for å viske ut minna om den utmerka animasjonen i Curse of Monkey
Island. 3D animasjon av den typen Telltale Games bruker er ikkje så
fleksibel, og det har vore vanskeleg for dei å skape uttrykksfulle
karakterar. Dette har dei likevel klart å gjere store skritt mot i
denne episoden av Tales of Monkey Island. Guybrush har faktisk fleire
andletsuttrykk, og medan det ikkje er perfekt enno, så lar ein seg
underhalde av hans grimasar og reaksjonar. Ein ser forskjell på avsky,
spydighet og vantru - og det er det vi treng, er det ikkje? Det heile
ligg altså ein stad mellom Curse of Monkey Island sin fulle animasjon
og Escape from Monkey Island sin problematiske 3D, og det er utan tvil
den beste og mest fleksible grafikken Telltale Games har servert hittil.
Det
ein kanskje stussar mest ved, er at fleire av innbyggjarane har ein
litt lik andeltsform - ein kunne nesten mistenkje at det var ein del
brødre på denne øya, men mest truleg har Telltale Games nytta dei same
modellane med ulike modifikasjonar. Det er likevel ikkje slik at du
ikkje ser godt forskjell på dei alle saman.
Omgjevnadane er
fargerike og like kitschye som dei alltid er i Monkey Island-spela, og
det er ei lita handfull av stadar å vitje på øya, inludert ein klassisk
jungel du må navigere deg gjennom i klassisk Monkey Island stil. Og ja,
det er skattekart involvert. To faktisk!
Verda og historia
Verda
er som alltid befolka av ein rekkje meir eller mindre vellukka
sjøulkar. Inkludert ein undersøkjande journalist som tilbyr deg å sette
deg i kontakt med Deep Gut som kan hjelpe deg av øya, i bytte mot at du
lagar litt ekte piratbråk. I tillegg har vi den lettare sinnsjuke legen
og vitskapsmannen som meiner amputasjon er løysinga på det meste, samt
ein glassblåsande pirat som sel utsøkte einhjørningsfigurar og
uknuselege glasflasker. I tillegg er Flotsam "heim" til ein gamal
kjenning av Guybrush, og det var sjølvsagt eit gledeleg attsyn, utan at
eg har tenkt å røpe kven det er.
Det som kanskje irriterte meg
mest ved historia er tidspunktet då det sank inn ein gong for alle at
Telltale Games satsar stort med Tales of Monkey Island. Deira spel
hittil har vore enkle, enkeltståande eventyr med ambisjonar om å verte
bunden saman til ei større forteljing. Tales of Monkey Island
realiserar desse ambisjonane, og tar simpelthen og deler seg opp i ei
rekkje samanhengjande kapitlar lik dei førre Monkey Island spela. Kva
vil dette seie? Forutan ein "cliffhanger" avslutting? Vel, i løpet av
kapittel ein så byrjar du på det store eventyret Guybrush har framfor
seg, og du får instruksar og hint til kva du skal gjere - som å finne
ein voodoosugande havsamp - i ein komande episode. Du sitt med andre
ord med eit intenst behov for å halde fram... og det må du vente til
august med.
Elles er historia original nok, og ikkje eit forøk
på å repetere tidlegare idear. Det heile dreier seg om konsekvensane av
Guybrush sitt forsøk på å ta rotta på LeChuck. Dette inkluderar at hans
hand no er litt uregjerleg, og ein pest - The Pox of LeChuck - som brer
seg over dei karibiske øyene. Det er opp til Guybrush å stogge denne,
redde Elaine og sigre over LeChuck ein gong for alle. Og dette vert ein
heilt anna episode.
Avsluttingsvis

Med litt innsats
kan du gjere deg ferdig med kapitlet i løpet av ein god kveld med
speling. Om du klarar å unngå å sitte å stange hovudet i veggen
sjølvsagt. Spelet er ikkje vanskeleg, eller overdrevent frustrerande,
men du må av og til sette deg ned og gruble litt. Det gjeld særleg
skattekart-utfordringane, der ein må følgje instruksane til punkt og
prikke. Og det kan vere lett å oversjå visse detaljar. Utan at eg skal
avsløre kva dei er. Elles er svaret som alltid å utforske alt, og
dersom du sitt fast i ein del av eventyret, så tar du fatt på ein annan
bit og kanskje ei løysing openberar seg der.
Då eg satt meg ned
med spelet ein tidleg fredags morgon eg hadde fri frå mine
kontorplikter, forsvann formiddagen kjapt med til å boltre meg i ei
verd eg hadde elska sidan barndommen. Andre kan nok kome til ein annan
konklusjon, men for meg var det som å kome heim. Det var ingen tvil om
at Tales of Monkey Island er ein verdig oppfølgjar til dei føregåande
spela, og ønskjet om å spele resten er fysisk merkbar på kroppen. Det
tok ikkje mange timane etter ein hadde spelt gjennom spelet første
gongen før ein hadde starta det på nytt. Ein ville ha meir av
Poly-Articulated Porcelain Power Pirates, særleg Dark Ninja Dave with
Killer Karate Katana og Pink Pajama Pierre - eg er svak for bokstavrim.
Eg ville ha solid piratundertøy, og kanonkuler for piratar med små
hender. Alt som mangla var eigentleg "a rubber chicken with a pulley in
the middle", men òg dette får sin nødvendige refaranse.
Kva anna
kan eg seie enn at eg er nøgd med det Telltale Games har gjort. Og det
er store sjansar for at du vert det òg, men om du er av den utolmodige
typen vil eg anbefale at du ventar til at alle spela er komen ut. For
det å vente nokre månadar på å byrje, kan neppe samanliknast med
smerten det er å vente ein månad på å kome vidare.
Er det august snart?
Tales of Monkey Island: Chapter 1 - Launch of the Screaming Narwhal er ute i dag, tysdag 7. juli, og kan kjøpast og lastast ned her.